Kjempekaktus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kjempekaktus (Carnegiea gigantea) er en treaktig kaktusart som har ein søyleforma vekst med éin stamme og 5-6 greiner. Han kan bli opptil 20 meter høg.[1] Planten blomstrar fyrst etter 50-75 års vekst. Han kan bli opptil 200 år gammal.
Kjempekatus høyrer heime i Mexico, Arizona og California, der han veks i ørkenområde. I USA og spansktalande land er kaktusen også kjend som saguaro.
Remove ads
Skildring
Alle dei overjordiske delane av planten er ribba. Blada er omdanna til tornar, som vanleg blant kaktusartar. Blomstringa sker i april-juni, då endestilte, kvite blomar opnar seg i løpet av natta og held seg til utpå neste dag. Dei raude fruktene til kaktusen kan etast, og blei rekna som ein delikatesse blant amerikanske urfolk, men i dag er planten freda og ein kan ikkje plukka fruktene.
Rotnettet består av høgtliggande og vidtrekkande røter som dekker eit stort område. Der er difor stor avstand mellom to individ av sjølvsådde kjempekatusar.
Høgd x breidd og årleg tilvekst er 5 x 2 m (10 x 4 cm/år). Den årlege tilveksten er mykje mindre enn dette i dei fyrste leveåra, då planten byggar ut rotnettet.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads