Klæbu kommune
tidlegare kommune i Trøndelag fylke i Norge From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Klæbu kommune er ein tidlegar norsk kommune i Trøndelag fylke. Området grensar i nord til Trondheim kommune, i aust til Selbu kommune og i sørvest til Melhus kommune. 1. januar 2020 blei han slått saman med Trondheim.
Remove ads
Geografi
Klæbu ligg 19 km sør for Trondheim. Klæbu har fine naturområde for utfart, Nordmarka og Brungmarka er to døme på det. Selbusjøen ligg au delvis i Klæbu. Nidelva er djupast i Trongfossen ved Hyttfossen i Klæbu med 56 meter og er med dette Norges djupaste elv. Trongfossen er motivet i kommunevåpenet til Klæbu.
Kultur
Sjåverdigheiter
- Stabburet Gårdsbutikk på Moen gård.
- Vassfjellet skisenter ligg berre nokre kilometer frå Klæbu sentrum som det einaste skisenteret i nærleiken av Trondheim.
- Brungmarka, eit stort skog- og fjellområde sør for Selbusjøen.
- Klæbu bygdemuseum på Teigen.
- Tanemsborgen på Tanem, bygdeborg frå førkristen tid som ligg på Tanemsåsen.
- Selbusjøen, innsjø.
Kjende personar frå Klæbu
- Johan Nordahl Brun, biskop og diktar
- Linda Hofstad Helleland, politikar (Høgre).
- Jens Lemvig, prest
- Klaus Sonstad, journalist og radiomann, mest kjend under aliaset Odin Jensenius
- Vilhelm Andreas Wexelsen, teolog og politikar
Galleri
- Klæbu rådhus
- TV-mast på Vassfjellet
- Klæbu kyrkjeFoto: Einar Hjellen
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads