Trondheim kommune

From Wikipedia, the free encyclopedia

Trondheim kommune
Remove ads

Trondheim kommune (sørsamisk: Tråanten tjïelte[1]) er ein kommune i Trøndelag fylke. Administrasjonssenteret i kommunen er byen Trondheim.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Trondheim kommune omfattar halvøya Byneset i vest, og strekkjer seg ned til osen av elva Gaula i Trondheimsfjorden i sør, og til Jonsvatnet og Ranheim i aust. Kommunen grensar i aust mot Malvik kommune, og i sør mot kommunane Selbu, Klæbu og Melhus. Dei noverande kommunegrensene vart vedtekne i 1. januar 1964, då dei fire nabokommunane Strinda, Tiller, Leinstrand og Byneset vart slegne saman med Trondheim. Ved samanslåinga vart arealet til kommunen utvida frå 41 km2 til 342 km2, og innbyggjartalet vart nesten dobla.

Kommunen er med innbyggjarar den tredje største kommunen i Noreg.

Remove ads

Kommunevåpen

Kommunevåpenet til Trondheim vart vedteke i 1897 og har utgangspunkt i det gamle byseglet til Trondheim frå 1200-talet. Våpenet har to figurar; den til venstre er ein bispefigur med bispehuve og krumstav, ståande i ei kyrkje, og figuren til høgre er ein konge med krone og skålvekt i handa, som står i ei borg. Vekta figuren held skal symbolisere rettferd. Nedst på våpenet er det plassert tre hovud som skal symbolisere byrådet.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads