Klas Lestander
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Klas Ivar Wilhelm Lestander (18. april 1931–13. januar 2023) var ein svensk skiskyttar og snikkar, frå Arjeplog i Norrbottens län. Han overraska ved å vinne gullmedaljen i skiskyting under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley.
Remove ads
Karriere
Lestander var ein av få utøvarar som deltok i prøve-OL 1959 i Squaw Valley. Året etter var han på plass i OL-løypa, der han med sitt mausergevær trefte blink med alle 20 skota på 20-kilometer. Trass i at han berre hadde 15. beste langrennstid av dei 30 deltakarne, vann han tevlinga med 2 minutt til gode på finske Antti Tyrväinen. Året etter kom Lestander på niandeplass i VM i skiskyting 1961 i Umeå.
Lestander lukkast aldri verte svensk meister. Han var aktiv fram til 1965.
Remove ads
Kjelder
- 'Olympiaboken. Squaw Valley - Roma'. 1961
- Denne artikkelen bygger på «Klas Lestander» frå Wikipedia på svensk, den 16. januar 2023.
Bakgrunnsstoff
- «Klas Lestander». olympedia.org. Henta 24. januar 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads