Klassekampen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Klassekampen er ei dagsavis som er den tredje største papiravisa i Noreg, og ei av dei viktigaste intellektuelle avisene i Norden. Avisa vart grunnlagd i februar 1969 som ei månadsavis for det maoistiske partiet AKP (ml), men har etter år 2000 utvikla seg til å vere ei sosialistisk, men partiuavhengig avis med stoff om politikk og kultur.

Kjappe fakta Type, Org.nummer ...

Formålsparagrafen til avis vart vedteken i 1991.

Avisa Klassekampen skal drive en seriøs, kritisk journalistikk, med allsidige politiske og økonomiske avsløringer av utbytting, undertrykking og miljøødeleggelser – samt inspirere og bidra til ideologisk kritikk, organisering og politisk kamp mot slike forhold, ut ifra et revolusjonært, sosialistisk grunnsyn.

Ansvarleg redaktør er Mari Skurdal (f.o.m. august 2018).

Avisa har ein relativt stor del av stoffet sitt på nynorsk.

Remove ads

Historie og namn

Avisa er oppatt-kalla etter organet til Norges Socialdemokratiske Ungdomsforbund, stifta i 1903.

Avisa vart altså grunnlagd i 1969, omtrent samtidig som striden i Sosialistisk Folkeparti (SF) (no Sosialistisk Venstreparti) tilspissa seg. Avisa vart talerøyr[1] for ungdomsorganisasjonen SUF(m-l) (seinare Arbeidernes Kommunistparti (AKP)) som då braut ut av SF. I januar 1973 gjekk avisa over til å bli ei vekeavis. Ho gjekk då også over til å bli det formelle organet for det nystifta partiet AKP (m-l). Frå januar 1976 gjekk dei over til å gje ut to aviser i veka, og sidan 1. april 1977 gjekk dei over til daglege utgjevingar.

Ein av dei økonomisk krisene som råka avisa, førte til at nokre av satsingane til avisa, vart lagt ned [i 1979]: jordbruksavisa Sigden, Sámiid Hilat (ei avis på samisk), og ei avis for såkalla framandarbeidarar.[2]

Frå 1991 har avisa vore ei uavhengig venstresideavis.

Opplagstal-utvikling

Netto opplagstal - frå Mediebedriftenes Landsforening:

  • 1980: 7 219
  • 1981: 7 633
  • 1982: 7 685
  • 1983: 7 920
  • 1984: 8 008
  • 1985: 7 780
  • 1986: 8 020
  • 1987: 8 110
  • 1988: 8 185
  • 1989: 8 449
  • 1990: 8 206
  • 1991: 9 232
  • 1992: 10 042
  • 1993: 9 692
  • 1994: 9 822
  • 1995: 9 103
  • 1996: 7 796
  • 1997: 8 087
  • 1998: 6 506
  • 1999: 6 477
  • 2000: 6 557
  • 2001: 6 648
  • 2002: 6 929
  • 2003: 7 178
  • 2004: 7 512
  • 2005: 8 759
  • 2006: 10 109
  • 2007: 11 386
  • 2008: 12 109
  • 2009: 13 265
  • 2010: 14 390
  • 2011: 15 390
  • 2012: 16 353
  • 2013: 17 648
  • 2014: 19 253
  • 2015: 21 648
  • 2016: 23 414
  • 2017: 25 019
  • 2018: 27 855
  • 2019: 30 076
  • 2020: 32 375
  • 2021: 34 036


Utviklinga i Klassekampens netto opplagstal
(Raud for papir, rosa for digital del. I 2018 vart digital, del av abonnement på papiravis.)
Remove ads

Redaktørar

Sjefsredaktørar

Thumb
Redaktør til 2018, Bjørgulv Braanen
Thumb
Jon Michelet, redaktør frå 1997 til 2002.
Foto: John Erling Blad, 2007
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads