Klassisk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Klassisk er eit adjektiv som har fått fleire ulike meiningar.
Ordet skriv seg frå nemninga til dei europeiske humanistane for den greske og latinske litteraturen i antikken, men har sitt opphav i den latinske nemninga for dei som høyrer til i den fyrste (øvste) klassa i samfunnet («borgarklassa»). I brei meining står ordet klassisk for den gresk-romerske kulturen og kunsten fram til Romarrikets oppløysing, medan det i ei trongare meining står for den den greske kunsten i ein periode mellom om lag 480 og 323 f.Kr. (fvt.). Men ordet klassisk vert òg nytta på mange andre måtar i mange land i ein rad samanhengar innanfor kunst, kultur og vitskap, til dømes som ei periodenemning, eit kvalitetsomgrep, eller som ei nemning for ein særeigen art eller grein av kunst- og kulturuttrykk, eller vitskap.
Remove ads
Sjå òg
For bruken av ordet klassisk, sjå til dømes:
- Klassisk filologi
- Klassisk retorikk
- Klassisk arkeologi
- Klassisk musikk
- Klassisk mekanikk
- Klassisk fysikk
- Elektrodynamikk
- Klassisk indisk musikk
- Tradisjonell pop
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads