Klaus Augenthaler
tysk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Klaus Augenthaler (fødd 26. september 1957) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Fürstenzell. Han vart verdsmeister i 1990 med Vest-Tyskland og vann sju gongar Bundesliga og tre gongar DFB-pokalen med Bayern München.
Remove ads
Karriere
Klubbspel
Augenthaler spelte på Bayern München frå 1977 til 1991. Han var med å vinne den tyske seriemeisterskapen i sju sesongar i tida frå 1980 til 1990. Mellom 1982 og -86 gjekk han sigrande ut av den vesttyske cupmeisterskapen tre gongar, siste gongen då Bayern vann dobbelt. Våren 1982 var han på plass då Bayern München spelte finale i Europacupen, ein finale der Bayern tapte mot Aston Villa.
Landslagsspel
Frå debuten i 1983 deltok Augenthaler i 27 landskampar på Vest-Tyskland, den siste under VM 1990. Korkje til EM 1984 eller EM 1988 fekk han plass i meisterskapstroppa. Han var derimot med i Fotball-VM 1986, der han fekk lite speletid. Meir til nytte fekk han vere då Vest-Tyskland i 1990 lukkast vinne VM-turneringa i Italia med finalesiger 1-0 over eit argentinsk mannskap som aldri funkla.
Merittar
- Verdsmeister: 1990 med Vest-Tyskland
- VM-sølv: 1986 med Vest-Tyskland
- EM-sølv: 1976 med Vest-Tyskland
- Vesttysk cupmeister: 1982, 1984 og 1986 med Bayern München
- Vesttysk seriemeister: 1980, 1981, 1985, 1986, 1987, 1989 og 1990 med Bayern München
- Finaletap i Europacupen: 1982 og 1987 med Bayern München
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Klaus Augenthaler» frå Wikipedia på tysk, den 21. oktober 2017.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads