Klepp stasjon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Klepp stasjon er ein togstasjon på Jærbanen i Rogaland fylke. Klepp stasjon er òg namnet på tettstaden som ligg i området rundt stasjonen. Klepp stasjon ligg 3 kilometer aust for Kleppe, som er administrasjonssenter i Klepp kommune på Jæren.
Klepp stasjon ligg 24,84 kilometer frå Stavanger på Sørlandsbanen.
Staden kom til då Jærbanen vart bygd i 1878. Traseen for banen vart lagd langs Frøylandsvatnet, og då vart ein stasjon i Kleppe for stor omveg. Stasjonen vart difor lagd langs vatnet, og ein tettstad med ulik industri, slik som potetmjølfabrikk, iskremfabrikk og trevareindustri voks etter kvart opp rundt stasjonen.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads