Klippedue
fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Klippedua (Columba livia) er ein fugl i duefamilien. Den velkjende bydua, som lever i byar over delar av landet, er etterkommarar av tamme klippeduer (brevduer og duer som blei haldne som ei kjelde til mat året rundt) som igjen har forvilla seg. På grunn av dei forvilla tamduene (Columba livia domestica) er den opphavlege ville klippedua i fare for å bli genetisk utvatna, fordi dei to variantane parar seg med kvarandre og dannar hybridar. I Noreg reknar ein med at den ville klippedua er utrydda.[1] Klippedua har ikkje hatt etablert hekkebestand i Noreg (dvs. minst 10 reproduserande individ i minst 10 år) etter år 1800, og blir derfor klassifiserte som ikkje eigna NA for rødlisting.[2] Tamformen, bydue, er introdusert i Noreg.

Remove ads
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads