Knut Steen
norsk bilethoggar (1924–2011) From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Knut Johannes Steen (fødd 19. november 1924 i Oslo, død 22. september 2011) var ein norsk skulptør, utdanna ved Statens Kunstakademi under Per Palle Storm og Stinius Fredriksen. Han var busett i Carrara i Italia frå 1976.
Av kjende monument kan nemnast Hvalfangermonumentet i Sandefjord 1960, Oppgangssaga i Hønefoss 1979, Aurora framfor Regjeringsbygget i Oslo 1982, Shetlands-Larsen 1992 i Bergen, Olav Kyrre i same by 1998 (det sistnemnde verket var ferdigstilt lenge før).
Han arbeidde i granitt, betong, bronse, stål og marmor. Vidare har har illustrert bøker, m.a. av Harald Sverdrup og Heinrich Böll.
I 2004 gjorde han ferdig ein åtte meter høg statue av Kong Olav V på oppdrag for Oslo by, tenkt plassert på Rådhusplassen. Kommunen var ikkje nøgd med utforminga og ombestemte seg. Ein vonbroten Steen tenkte å gravleggja statuen, men andre synte interesse og Steen valde staden Skjerjehamn i Gulen kommune, der statuen vart avduka under Utkantfestivalen 4. august 2007.[1]
I januar 2008 vart Steen utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen sin som bilethoggar.

Foto: Nina Aldin Thune
Remove ads
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads