Kobar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kobar
Remove ads

Kobar (arabisk كوبر) er ein palestinsk landsby i Ramallah og al-Bireh guvernement nord på Vestbreidda, 13 km nordvest for Ramallah. Kobar grensar til Burham i aust, Jibiya og Umm Safa i nord, Al Itihad i vest og Al-Zaytouneh og Bir Zeit i sør. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) var folketalet i Kobar i 2007 på 3 456.

Kjappe fakta Land, guvernement ...

Burqa ligg 70 meter over havet og har ein årsmiddelnedbør på 669,8 mm. Årsmiddeltemperaturen er 16 grader Celsius, medan den årsmiddelet for luftfukta er 61 %.

Sidan 1996 har Kobar vore styrt som ein landsbykommune.

Remove ads

Historie

Det er funne potteskar frå jernalderen, persisk og hellenistisk tid, bysantinsk tid, krossfararane/ajjubidane, mamelukkane og tidleg osmansk tid. Dei eldste potteskara vart funnen nord og sør for landsbyen, medan dei bysantinske funna vart gjort på vestsida.[2]

Osmansk tid

Kobar vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, and i skattelista frå 1596, låg landsbyen i Quds nahiya i Quds liwa. Folkesetnaden var 31 hushaldningar, alle muslimar. Dei betalte skatt for kveite, bygg, vindruer, frukttre, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.[3]

I 1863 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen. Han estimerte at han hadde 600 innbyggjarar, og noterte ein moské tileigna ein sjeik Ahmed.[4]

I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Kobar som ein «liten landsby på ein åstopp, med graver hogde ut i berget, og ein tank, omgjeve av oliven.»[5]

Det britiske mandatet

I folketeljinga i 1922 hadde Kubar eit folketal på 447, tre kristne og resten muslimar.[6] Dette hadde auka i folketeljinga i 1931 til 546, alle muslimar, i 122 hus.[7]

I 1945 var folketalet 610, alle arabarar, medan det samla landarealet var 9 678 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 3 512 for plantasjar og irrigert land, 1 434 for korn,[9] medan 33 mål var klassifisert som utbygde område.[10]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads