Koblach
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Koblach er ein kommune i distriktet Feldkirch i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 10,2 km² med knapt 4 500 ibuarar i 2016. Koblach ligg på eit sletteland 456 meter over havet, på austbreidda av grenselva Rhinen. Vest for Rhinen er kantonen St. Gallen i Sveits.
Kommunen omfattar grendene Au, Dürne, Straßenhäuser, Neuburg og Udelberg.
55 % av landarealet er oppdyrka og landbruk er ei viktig næring.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Koblach» frå Wikipedia på tysk, den 8. mai 2016.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads