Kockums

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kockums
Remove ads

Kockums eller Saab Kockums Aktiebolag[1] er eit svensk skipsverft som har tilhøyrt Saab sidan 2014. Kockums lagar militære fartøy som ubåtar, overflatefartøy og marinsystem.[2] Det har hovudkontor i Malmö og verksemd på Muskö örlogsbas, Dockstavarvet og ved Karlskronavarvet.

Kjappe fakta Org.form, Org.nr. ...
Remove ads

Historie

Thumb
Sjøsetting ved Kockums Mekaniska Verkstad av den norska tankaren «Vestalis» i 1962.
Thumb
Utsyn over verftsområdet i Malmö med portalkranen (Kockumskranen) over dokken. Foto frå mitden av 1970-talet.

Verftet sprang ut frå Kockums Mekaniska Werkstad, skipa i 1840. Frans Henrik Kockum starta verksemda som hovudsakleg dreiv med produksjon for hushald og landbruk. I 1850 starta dei produksjon av jarnbanevogner og i 1870 eit skipsverft på hamna i Malmö. Familien stod også bak Skånska Cement AB og Kockums Jernverks AB, begge stifta på 1870-talet. I 1913 blei all verksemda i Malmö flytta til verftsområdet på hamna og det gamle verkstadområdet blei til bydelen Davidshall.

Verftet voks kraftig, og i 1952 og 1953 leverte Kockums mest tonnasje av alle verfta i verda. På grunn av økonomiske problem på 1970-talet blei verftet overteke av det statseigde Svenska Varv AB, og den sivile produksjonen blei lagd ned i 1978. I 1989 gjekk Kockums saman med Karlskronavarvet, før dei i 1989 gjekk inn i det tyske Howaldtswerke Deutsche Werft AG.

I 2004 omsette verftet for om lag 1,2 milliardar svenske kroner, og hadde i 2003 1200 tilsette. Frå 2005 var Kockums organisert i ThyssenKrupp Marine Systems.

I juli 2014 blei Kockums kjøpt opp av Saab.[3]

På 1970-talet produserte Kockums òg anleggsmaskinar og skogsmaskinar.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads