Kohekohe

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kohekohe
Remove ads

Kohekohe (Dysoxylum spectabile) er eit middels stort tre som er endemiskNew Zealand. Det veks i låglandet og i skogar ved kysten over det meste av Nordøya og finst også i Marlborough Sounds nord på Sørøya. Utvaksne tre veks seg opptil 15 m høge, og kan ha ein stamme på inntil ein meter i diameter. Kohekoheskogar var vanlege i dei fuktige kyst- og låglandsdistrikta på Nordøya, men desse skogane er no for det meste borte fordi landområda vart rydda og oppdyrka eller brukt til busetjing. Trea har også vorte utsette for stor skade frå possum (revekusu).

Thumb
Kohekohe dannar klasar av duftande kvite blomar direkte frå stammen eller greinene.
Kjappe fakta

Kohekohe har kjenneteikn ein normalt tillegg treslag som veks i tropane. Trea dannar til dømes kvite, duftande blomar direkte frå stammen eller greinene, og har store, lange og blanke blad, opp til 40 mm lange. Kohekohe vert stundom kalla New Zealand sin mahogni, fordi veden er lett, sterk, og kan polerast til ein vakker raudfarge.

Thumb
Dei spisse blada er store og blanke.

Maoriane kokte borken i vatn og drakk det som ein styrkedrikk. Veden vart brukt til kanobygging, men han er mjuk og ikkje så haldbar som hardved, og rotnar snøgt. Han egnar seg derimot godt til treskjering. Kohekohe dominerte truleg vegetasjonenKapiti Island før skogen vart rydda tidleg på 1900-talet for å gje rom til dyrkbart jordbruksland. Kohekoheskogen på Kapiti er i ferd med å veksa til att etter at possum vart utrydda i 1986.

Remove ads

Kjelder


Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kohekohe


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads