Kokelv
bygdelag i Hammerfest i Finnmark From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kokelv (nordsamisk Goavkejohka eller Jàhkovuona) er ei bygd og eit kyrkjesokn i Kvalsund-området i Hammerfest kommune, nordvest i Finnmark fylke.
Bygda ligg inst i fjorden Revsbotn. I Kokelv ligg Kokelv sjøsamiske museum, Kokelv kyrkje, reiselivsverksemda Kokelv Sjøhus og barne- og ungdomsskulen Kokelv skole. Bygda har òg eit grendehus og eit bu- og servicessenter.
Remove ads
Kokelv kyrkjesokn
Kokelv er eit kyrkjesokn i Hammerfest prosti i Den norske kyrkja.[1] Soknet femner den nordre delen av Kvalsund kommune, medan Kvalsund sokn femner den sørlege delen.
Soknet har ei kyrkje, Kokelv kyrkje frå 1960. Kyrkja blei bygd av tyske fredsvener (Aksjons soningstegn) etter andre verdskrigen. Ho blei innvigd første søndag i advent 1960, då to av dei tyske byggjarane også blei vigde der.[2]
Geografi
Bygda ligg på 70. breiddegrad nord og 24. lengdegrad aust.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads