Kolkabreen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kolkabreen
Remove ads

Kolkabreen er ein isbre i Nord-Ossetia i Russland, nær Kazbek. Breen er kjend for bresurge-hendingane, og den siste og mest alvorlege skjedde 20. september 2002 då minst 125 menneske omkom.[1]

Kjappe fakta Land, Område ...

Det er fleire isbrear i nedbørsområdet til elva Genaldon. Den største er Maili på om lag 6,8 km². Kolkabreen, ved sida av Maili, er ein dalbre med nokre hengande delar. Kolka veks ved hjelp av snøras og firn som kollapsar og is året rundt. Breen strekkjer seg frå 3000 til 3450 meter over havet. Meir enn to tredjedelar av isavsmeltingssonen er dekt av eit morenelag opp til ein meter tjukt. Dette og andre trekk, som ei forholdsvis slak helling, ein djup dalbotn og sidemorener, hindrar brestraumen og tvingar han i ein skarp sving, som gjer at det lett samlar seg opp smeltevatn under breen.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads