Kollegium
ei samling av personar som i fellesskap styrer eller samarbeider om noko From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kollegium (latin collegium) er ei samling personar som i fellesskap styrer eller samarbeider om noko,[1] ofte innan eit bestemt akademisk eller byråkratisk fagfelt. Eit medlem i eit kollegium blir kalla kollega.[2]
Kollegium i antikken
Kollegium var vanlege i Romarriket i antikken. Folk som dreiv med handel danna ofte kollegium saman for å samarbeida. Var ein medlem i eit kollegium hadde ein fordelar gjennom at ein kunne styra marknaden saman, og til dømes unngå konkurranse frå andre. I tillegg fanst det religiøse kollegium av prestar.
Eit anna døme er kollegium i republikken og utover i keisartida. Kollegium på lokalnivå i Roma var utbreidde i republikken, nokre kollegium hadde offentlege arbeidsoppgåver som tilsyn og sløkka eventuelle brannar. Brann skjedde ofte, og kunne få store konsekvensar. I tillegg kunne dei ha oppsyn med vassforsyninga til området dei hadde ansvar for, i tillegg til kornforsyninga. Desse kollegiuma hadde også religiøse oppgåver tilknytte lokalsamfunnet. Eit problem i seinrepublikken var at kollegiuma også fungerte som lokale opprørsleiarar blant lokalbefolkninga. Dette gav problem for det øvste sjiktet i samfunnet, som var i eit klart mindretal i forhold.
I år 7 f.Kr omorganiserte Augustus kollegium, trulig grunna problema med opprør. Kollegiumet heitte vicomagistri, og hadde tilknyting til lokale vico (frå latin), «nabolag», i Roma. Vicomagistri hadde ansvar for kulten lares compitales, festivalen ludi compitales og tilbedinga av keisarkulten Augustus genius, Genius Augusti. Det eittårige embetet var nesten utelukkande besett av frigjevne slavar. Dette var nytt, og endra kollegiumstrukturen.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads