Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker eller Gjenopptakingskommisjonen er ein norsk sjølvstendig statleg etat som undersøkjer og avgjer om ein straffedømt person skal få si sak behandla på nytt i retten.[2] Domfelte personar med ein rettskraftig dom kan søkje kommisjonen om gjenopptaking. Kommisjonen gjer ei utgreiing av dei rettslege og faktiske sidene ved saka, og har mynde til å innkalle vitne til avhøyr, gje utleveringspålegg, halda munnlege høyringar og oppnemne sakkunnige. Han kan også fremja spørsmål til retten om personundersøking og bruk av tvangsmiddel. Føremålet med opprettinga var å avsløre justismord. Gjenopptakingskommisjonen vart oppretta ved revisjon av straffeprosesslovas kap. 27. Lovendringa tredde i kraft frå 1. januar 2004.

Kjappe fakta Type, Org.nummer ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads