Kommunal- og distriktsdepartementet
norsk departement From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kommunal- og distriktsdepartementet (tidlegare kommunal- og moderniseringsdepartementet ) er eit norsk departement med ansvar for spørsmål som gjeld bustadpolitikk, regional- og distriktspolitikk, lokalforvalting og gjennomføring av val.
Foto: Alejandro Decap
Departementet vart oppretta av regjeringa Solberg gjennom å fusjonere Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og planavdelinga i Miljøverndepartementet. Departementet har lokale i Regjeringskvartalet, R5 og Akersgata 59.
Remove ads
Historie
Kommunal- og regionaldepartementet vart oppretta i Einar Gerhardsen si andre regjering 20. desember 1948 som Kommunal- og arbeidsdepartementet. Den første kommunalministeren var Ulrik Olsen. Frå 1990 til 1992 vart departementet kalla Kommunaldepartementet. Arbeidsavdelinga vart i 1997 overført til det som då vart Arbeids- og administrasjonsdepartementet.
Politisk leiing
Statsråd og leiar for departementet er kommunal- og distriktsminister Kjersti Stenseng (Arbeidarpartiet) per 4. februar 2025.
Underliggjande etatar
- Husbanken
- Kommunalbanken
- Husleigetvistutvalet i Oslo
- Statens bygningstekniske etat
- Selskapet for industrivekst
- Innovasjon Norge
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads