Kjersti Stenseng
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kjersti Stenseng (fødd 4. september 1974) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Den 4. februar 2025 vart ho utnemnd til kommunal- og distriktsminister i Støre-regjeringa.[1] Ho var partisekretær i Arbeidarpartiet frå 2015 til 2025.[2]
Remove ads
Biografi
Stenseng kjem frå Kvam i Nord-Fron kommune i Oppland. Ho vart vald inn i Sentralstyret til Arbeidarpartiet i 2011, og har vore statssekretær og politisk rådgjevar i Kulturdepartementet.[3][4]
Stenseng har òg jobba som festivalsjef for Peer Gynt-stemnet og festivalsjef for Norsk Litteraturfestival. Ho var HR- og friviljugsjef for Vinter-OL for ungdom 2016.[5][6]
Ved stortingsvalet 2013 var Stenseng 4. kandidat for Oppland Arbeidarparti, etter at ho på nominasjonsmøtet tapte kampvoteringa om tredjeplassen mot Stine Renate Håheim med 53 mot 68 stemmar.[7] Ho var i stortingsperioden 2013–2017 fyrste vararepresentant til Stortinget.
Remove ads
Verv
- 2007–2011: medlem av formannskap og kommunestyre i Sør-Fron kommune
- 2008–2010: kvinnenettverksleiar i Oppland Arbeidarparti
- 2010–2014: fylkespartileiar i Oppland Arbeidarparti
- 2011– : sentralstyremedlem i Arbeidarpartiet
- 2015–2025: partisekretær i Arbeidarpartiet
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads