Kommunar i Liechtenstein

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kommunar i Liechtenstein
Remove ads

Fyrstedømet Liechtenstein er delt inn i elleve kommunar (Gemeinden - i eintal Gemeinde) som stort sett består av ein enkelt landsby. Fem av Gemeinden er ein del av valkrinsen Unterland («Det nedre landet»), og resten er i Oberland («Det øvre landet»).

  • Balzers - heilt sør i landet, inkluderer òg landsbyen Mäls
  • Eschen - i nord, inkluderer landsbyen Nendeln
  • Gamprin - ved Rhinen, like vest for Eschen, inkluderer landsbyen Bendern
  • Mauren - i nord, nær Eschen, inkluderer Schaanwald
  • Planken - den minste kommunen, i nordlege sentrale delar av Liechtenstein
  • Ruggell - ved Rhinen, den nordlegaste kommunen i Liechtenstein
  • Schaan - den mest folkerike kommunen, like nord for
  • Schellenberg - i nord
  • Triesen - ved Rhinen, like sør for Vaduz
  • Triesenberg - mellom Vaduz og Triesen, inkluderer landsbyen Steg, Samina og Malbun
  • Vaduz - hovudstaden i fyrstedømet, ligg i midten av landet ved Rhinen
Thumb
Kommunar i Liechtenstein
Remove ads

Tabell

Meir informasjon Flagg, Postnummer og namn ...
Thumb
Kart over Liechtenstein
Remove ads

Ekslavar og enklavar

Kommunane i Liechtenstein, Gemeinden, har ei komplisert form trass i at dei er små. Sju av kommunane har ein eller fleire ekslavar i tillegg til hovudområdet sitt:

  • Balzers: 2 ekslavar
  • Eschen: 2 ekslavar
  • Gamprin: 1 ekslave
  • Planken: 3 ekslavar, 1 enklave
  • Schaan: 4 ekslavar, 2 enklavar
  • Triesenberg: 1 ekslave (rundt landsbyen Malbun)
  • Vaduz: 5 ekslavar

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads