Schellenberg

From Wikipedia, the free encyclopedia

Schellenberg
Remove ads

Schellenberg er ein kommune i det lågareliggande området av Liechtenstein, ved breidda av Rhinen. I 2019 hadde han 1 091 innbyggjarar, og dekkjer eit areal på 3,5 km².

Kjappe fakta Land, Areal ...
Kjappe fakta
Remove ads

Soge

Området vart ført busett av keltarar, så av raetiarar. Romarriket erobra området i 15 fvt. og det vart ein del av provinsen Raetia. Provinsen vart seinare eit grevskap under Karl den store. Grevskapet vart fleire gonger delt mellom arvingane.

Herskapet Schellenberg vart kjøpt av grevane av Vaduz i 1437 og dei to statane har vore samla sidan den gong. Etter den schwabiske krigen i 1499 kom begge under Austerrike sin kontroll. Forskjellige herskapsfamiliar kjøpte og selde dei før dei vart kjøpt av Lichtenstein-familien tidleg på 1700-talet. Dei hadde fått fyrstestatus i 1706, men trong eit område nær keisardømet for å kunne stemme i riksdagen til fyrstane i riket. Keisaren slo formelt saman Vaduz og Schellenberg i 1719 som Fyrstedømet Liechtenstein.

I kommunen er det eit monument ved grenselandsbyen Hinterschellenberg til minne om dei russiske soldatane som fekk asyl her.[1] Mot slutten av den andre verdskrigen gav Liechtenstein asyl til om lag fem hundre soldatar frå Russland, som hadde støtta tyske Wehrmacht. Dette var ikkje ei enkel sak for det fattige landet som hadde vanskar med å fø og ta vare på sine eigne innbyggjarar. Til slutt valde Argentina å ta i mot asylsøkjarane. Britane sende heim russarane dei hadde fanga som hadde kjempa på tysk side tilbake til Sovjetunionen.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads