Kongeriket Ndongo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kongeriket Ndongo var eit bantu-rike som låg i området vest for dagens Angola. Sentrum i kongedømmet låg på 1500- og 1600-talet mellom elvene Kwanza og Lukala, aust for Luanda, som blei ein portugisisk hamneby på 1500-talet. Ndongo blei ein uavhengig stat etter ein krig mot Kongoriket i 1556. Før dette var Ndongo ein av dei mektigaste vasallstatane til Kongoriket. Kongen av Ndongo hadde tittelen ngola (også ngola a kiluanji). Denne tittelen blei seinare del av namnet til staten Angola.

Remove ads
1500-talet
Ndongo blei fyrst omtalt skriftleg på 1400-talet, då portugisiske sjøfararar prøvde å danna handelskontaktar med landet. I 1571 gav den portugisiske kongen Paulo Dias de Novais økonomiske ressursar og ordre om å skipa ein handelsstad på Atlanterhavskysten sør for Kongoriket. Novais grunnla Luanda i 1575/1576 og inngjekk ein allianse med Ndongo, men allereie i 1579 braut det ut krig mellom Portugal og det afrikanske kongedømmet. Krigen enda med nederlag for Dias de Novais. Det blei likevel etablert ein liten portugisisk koloni rundt Luanda og i Kwanza-elvedalen, hovudsakleg takka vere ein slavehandel der Ndongo og naboriket Matamba fungerte som handelspartnerar for Portugal. Frå 1615 inngjekk den portugisiske guvernøren i Luanda ein allianse med ein bande imbangalakrigarar og klarte å utvida området dei kontrollerte, særleg på kostnad av Ndongo. Denne utvidinga skjedde under dronning Njinga av Ndongo og Matamba, mot hard og til tider vellykka motstand.[1]
Remove ads
Krig og motstand mot Portugal
Njinga kom til makta I Ndongo rundt år 1624, då broren hennar, Mbande a ngola, døydde under mystiske omstende. Landet var då i ei alvorleg krise, utløyst i 1618 av eit vellykka portugisisk framstøyt leidd av hærføraren Louis Mendes de Vasconcellos. I prosessen blei den kongelege residensen erobra, og mange Ndongo-leiarar og -høvdingar blei avretta. Etterfølgjande tørke og hungersnaud svekka landet ytterlegare.
På grunn av at Ndongo var blitt svekka etter krigane mot portugisarane og imbangalaane, freista Njinga, i det minste mellombels, å få til ein avtale med portugisarane. Før broren døydde, hadde ho gått over til katolisismen og latt seg døypa i Luanda. No tillet ho at misjonarar og slavehandlarar skulle få tilgang til Ndongo. Då ein ny portugisisk guvernør kom til kolonien, forverra tilhøvet seg mellom Ndongo og portugisarane. Etter at Ndongo gav vern til slavar som var rømde frå portugisiske plantasjar, lykkast portugisarane i å jaga Njinga på flukt austover i 1629 og erstatta henne med ein herskar, utan makt og mektige allierte, som var gunstigare for dei.
Remove ads
Slaveri og nedgang
Situasjonen i Ndongo forverra seg med den aukande innverknaden frå Portugal. Folketalet fall som følgje av slavehandelen. Det er anslått at rundt 10 000 slavar i året blei sende frå Ndongo-området til koloniar i Amerika. Naboriket til Ndongo, Matamba, hadde òg ei rolle i denne handelen. Det støtta Portugal i slavehandelen og blei styrt av dronning Njinga, som hadde flykta frå Ndongo, men framleis gjorde krav på trona.
I 1671, etter fleire år med motstand, blei Ndongo innlemma i kolonien Angola, etter nok eit felttog frå portugisarane.
Kjelder
Litteratur
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
