Konstantin Tsjernenko

russisk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Konstantin Tsjernenko
Remove ads

Konstantin Ustinovitsj Tsjernenko (24. september 191110. mars 1985) var i knapt 13 månader frå 13. februar 1984 til han døydde i 1985 generalsekretær i Sovjetunionens kommunistiske parti (SUKP) og leiar av Sovjetunionen.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Tsjernenko var frå ein landsby i dagens Krasnojarsk kraj i Sibir. Han var medlem av kommunistpartiet frå 1931 og arbeidde på ulike partikontor rundt om i Sovjetunionen til han i 1960 vart henta til hovudstaden Moskva. Frå 1971 var han medlem av sentralkomiteen i SUKP, i 1978 fekk han plass i politbyrået.


Då generalsekretæren i SUKP, Jurij Andropov, døydde i februar 1984, vart Tsjernenko vald til ny generalsekretær og leiar av Sovjetunionen. Innanrikspolitisk la han vekt på oppslutnad hos folket, og søkte betre jordbruket, dei offentlege tenestene og tilgangen på komsumvarer. Kampen mot korrupsjon som Andropov hadde sett i gang, vart stogga. Utanrikspolitisk førte han både ei kaldkrigs-line à la Brezjnev, og fekk i stand ein handelsavtale med Kina. Elendig helse gjorde det vanskeleg for han å ha kontroll over styringa av både partiet og unionen.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads