Koparand

art av andefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Koparand
Remove ads

Koparand (Anas chlorotis) er ei grasand i Anas-slekta som lever på nokre få og små lokalitetar på New Zealand. Artsnamnet på maori er Pāteke. Tidlegare var bronseand, Anas aucklandica, og campbelland, Anas nesiotis, rekna som konspesifikke med koparand. Bronseand som lever på Aucklandøyane og campbelland på Campbelløyane, er begge utan flygeevne.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Koparanda er i gjennomsnitt ca. 48 centimeter i kroppslengd og veg ca. 500–600 gram. Hofuglen er koparbrun, hannfuglen i praktdrakt har grønglansa hovud, ein uklår, smal kvit ring rundt halsen og er noko mørkare på ryggen enn på kroppssidene. Begge har kvit augering og viser eit grønt vengespegl, speculum i flukt.

Koparanda har habitat i estuar, lagunar og bekkar som påverkast av tidevatn, og i anna sumpar og våte område. Ho beitar i skumring og nattemørke på marine virveldyr og andre virveldyr i vatn.

Remove ads

Utbreiing

Hekking førekjem på fastlandet så vel som på øyar i Fiordland, på austkysten av Northland, spesielt på Great Barrier Island. Dei legg oftast egg i perioden juni til oktober, kvart kull er typisk 5 egg. Den lengst kjente levetida for ei koparand er over seks år.

Storleiken på populasjonen har gått mykje tilbake, tidlegare var dei vanlege i våte område over heile landet. Nedgangen skjedde truleg på grunn av drenering av våtmark og av innførsel av hundar og kattar. Grunna vernetiltak er trenden snudd. Populasjonen er no estimert til 1900 individ (2012) og er aukande.[1]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads