Koprolitt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ein koprolitt er fossilisert dyreavføring. Koprolittar er klassifiserte som sporfossil i motsetning til kroppsfossil, då dei gjev bevis for åtferda til dyret, i dette tilfellet diett, i staden for morfologi. Namnet er avleidd frå dei greske orda κόπρος ('kopros', som betyr «møkk») og λίθος ('lithos', som betyr «stein»). Koprolittar vart først skildra av William Buckland i 1829. Før dette var dei kjende som «fossile grankonglar» og «bezoar-steinar». Dei tener eit verdifullt føremål innan paleontologi fordi dei gjev direkte bevis på predasjonen og kosthaldet til utdøydde organismar.[1] Koprolittar kan variere i storleik frå nokre få millimeter til over 60 centimeter.
Som andre fossil har koprolittar fått mykje av den opphavlege samansetninga si erstatta av mineralførekomstar som silikat og kalsiumkarbonat. Menneskeleg avføring, på den andre sida, beheld mykje av den opphavlege organiske samansetninga si og kan rekonstitueres for å bestemme dei opphavlege kjemiske eigenskapane deira, sjølv om omgrepet koprolitt i praksis også blir brukt om gammalt menneskeleg fekalt materiale i arkeologiske samanhengar.[2][3][4]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads