Korgfjellet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
66°03′51″N 13°40′35″E Korgfjellet eller Vesterfjellet er eit fjellområde mellom kommunane Hemnes og Vefsn i Nordland. Fjellområdet strekkjer seg frå Selhornet ved Sørfjorden i Hemnes og sørover forbi Rundtinden i Vefsn. Fjellområdet består av relativt småkupert terreng med ein del myrer og vatn. Rundtinden på 964 moh. er den høgaste fjelltoppen i fjellmassivet.
Garden Svartvatnet på Korgfjellet var busett til 1950-talet.
I perioden 1946 til 2005 passerte riksveg 50, seinare Europaveg 6 over Korgfjellet. Det høgaste punktet på denne vegen ligg 617 m. Vegen var bygd under den andre verdskrigen, og i vegarbeidet deltok mange jugoslaviske krigsfanger som budde i fangeleirar i Korgen og ved Luktvatnet. I dag går vegen gjennom Korgfjelltunnelen, og vegen over fjellet er vinterstengd.
Remove ads
Sjå òg
- Korgfjelltunnelen
- Krokvatnet
- Blodvegen
Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads