Kotafolk i Gabon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bakota- eller kotafolk er ei bantu-gruppe frå nordaustregionen av Gabon og Kongo. Språket dei snakkar blir kalla iKota, men blir også omtalt som bakota, ikuta, kota. Blant fangfolk er folket kjent som mekora. Kotaspråket har fleire dialekter, som ndambomo, mahongwe, ikota-la-hua, sake, menzambiog bougom. Nokre av desse dialektane har også regionale variasjonar.

Kotafolk blir ikkje rekna som viktige aktørar i gabonsk politikk, men nokre av dei er blitt utnemnde til viktige stillingar i regjeringa. Alexandre Sambat, som lenge var ambassadør til USA og som seinare stilte ved presidentvalet i 1993, var av kotaopphav. Pascal Desire Misongo, som også er kota, har vore justisminister i Gabon. Emmanuel Issoze-Ngondet var representant i SN og var òg statsminister i Gabon frå 2016 til 2019.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads