Kauri
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kauri er namnet på skal av porselenssniglar, særleg Cypraea moneta, som har ei lang historie brukt som pynt, pengar og til spel i Afrika og Eurasia. Namnet «kauri» stammar frå hindi/urdu kauri. På engelsk er skjela kjende som cowry eller cowrie.[1]
- For kauritre, sjå slekta Agathis
Dei fleste kaurisniglar høyrer til slekta Cypraea, som er talrik i Indiahavet. Den vanlegaste arten brukt som betalingsmiddel var Cypraea moneta, som har eit rimeleg einsfarga, gulkvitt skal. Skjela blei mellom anna sanka i store mengder på Maldivane, og var utbreidde langs kystane til havet og vidare inn i landet.

Kineserarar brukte kauriskjel som betalingsmiddel allereie for tre tusen år siden. Under kolonitida i Afrika var kauriskjel betalingsmiddel der.
Kauriskjel kan også brukast til slumpkast, Dei er mellom anna tradisjonell terning i ulike indiske brettspel som stigespel og patsjisi (opphavet til ludo). Ein bruker dei ved å kasta ei viss mengd skjel på bakken og få ein viss verdi ut frå kor mange som landar med opningen opp. Fleire stader finst også tradisjon for å bruka skjela til å spå med.
Nordisk kaurisnigel (Trivia arctica) er ein kauriart som finst i norske farvatn. Skalet blir ca. 1 cm langt.
Remove ads
Bilete
- Ulike kauriskjel.
- Hovudpryd av kauriskjel laga av samofolk frå Mali/Burkina Faso.
- Maske laga av sentralafrikanske kubafolk pynta med kauriskjel.
- Kaurismykke frå Kenya.
- Kaurismykke frå Fiji.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads