Kotlas

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kotlas
Remove ads

Kotlas (russisk Котлас) er ein by sør i Arkhangelsk oblast i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg ved samløpet av elvane Nordre Dvina og Vytsjegda.

Kjappe fakta Land, Føderasjonssubjekt ...

Byen har ein av dei største papirfabrikkane i Russland og er eit senter for tømmerindustri. I tillegg har han ei viktig elvehamn og er eit jernbaneknutepunkt.

Staden vart grunnlagd i 1890, men det har truleg vore busetnader i området lenge før den tid. Kotlas fekk bystatus i 1917.

Remove ads

Gulag

Frå 1930-talet var Kotlas ein stad for deportasjon av kulakar, som eit senter for skogsindustri. Det vart styrt av Kotlaslag-divisjonen av Gulag. Seinare tok byen imot alle moglege menneske som vart undertrykt og tvangsflytta under Stalin-tida. Det var ein særskild stor polsk folkesetnad i området, med heile polske landsbyar som vart tvangsflytta hit på 1920- og 1930-talet.

Arbeidsleirar eksisterte innanfor byområda fram til 1953. Forutan skogsarbeid og papirindustri arbeidde fangane med bygging av fabrikkar, bustader, bruer og jernbanar. Dei fleste leirane var brakkeleirar utan vakter.

I tillegg var Kotlas ein viktig transittstad for forviste som skulle fraktast lengre nord og aust, sidan byen hadde ein jernbaneterminal.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads