Vytsjegda

From Wikipedia, the free encyclopedia

Vytsjegda
Remove ads

Vytsjegda (på komi Ežva, på russisk Вычегда) er ei austleg sideelv til Nordre Dvina i den sørlege delen av Republikken Komi og den søraustre delen av Arkhangelsk oblast i den nordlege delen av europeisk Russland. Vytsjegda er 1 121 km lang, av dei er ca. 800 km farbar for skipstrafikk. Vytsjegdan sitt nedslagsfelt er 122 800 km².

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...

Vytsjegda har kjeldene sine ved Timan-ryggen i Komi ca. 300 km vest for Uralfjella. Derifrå renn ho søraustover, sørover, sørvestover og vestover. Sørvest i Arkhangelsk oblast, ved Kotlas, renn ho ut i Nordre Dvina. Vytsjegda sine viktigaste sideelver er Visjera, Vym, Nordlege Keltma og Sysola.

Dei viktigaste hamnebyane langs Vytsjegda er Kotlas, Syktyvkar og Ust-Kulom. Langs breidda av elva bur det komiar. Vytsjegda er og ei viktig elv for tømmerfløyting. Via Katarinas kanal er det båtsamband til Kama, som er ei sideelv til Volga.


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads