Kovel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kovel (ukrainsk og russisk Ковель, Kovel, polsk: Kowel, hebraisk: כהואל) er ein by i Volyn oblast (provins), nordvest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Kovelskyj rajon (distrikt), medan byen sjølv er eit eige rajon i oblastetByen har kring 65 000 innbyggjarar.[2] Kovel har gjeve namn til ein av dei eldste runeinskripsjonane ein kjenner til, men denne vart tapt under andre verdskrigen.
Remove ads
Historie

Kovel (Kowel) vart først nemnd i 1310.[4] Han fekk byrettar frå den polske kongen Zygmunt Stary i 1518.[4] I 1547 vart Bona Sforza, den polske dronninga, eigaren av Kowel.[4]
Etter delingane av Polen fall byen til Det russiske imperiet for over hundre år. Under første verdskrigen var byen åstad for slaget ved Kovel mellom Sentralmaktene og Det russiske imperiet. I mellomkrigstida var Kovel senter for Kovel fylke i Volhyn voivodskap i Den polske republikken. I andre verdskrigen, etter den tyske invasjonen i Polen og den påfølgjande operasjon Barbarossa vart 18 000 jødar i Kovel myrda av tyskarane, hovudsakleg i august og september 1942. Seinare, i mars og april 1944, var det harde kampar mellom tyskarane og den raude armeen. I 1945 vart området ein del av Den ukrainske sovjetiske sosialistrepublikken. Han har vore ein del av det sjølvstendige Ukraina sidan 1991.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads