Krøsus

From Wikipedia, the free encyclopedia

Krøsus
Remove ads

Krøsus (gresk Κροίσος, Kroisos) var konge i oldtidsriket Lydia i dagens Tyrkia. Han var den siste kongen av Lydia, son av den tidlegare kongen Alyattes II. Krøsus styrte frå 560 til 546 f.Kr. då Lydia blei invadert av persiske og mediske styrkar under kong Kyros den store. Han opparbeidde seg ein enorm rikdom i løpet av regjeringstida si. Lydia var også det fyrste riket, under kong Alyattes II, som prega metallmyntar som betalingsmiddel.

Kjappe fakta Fødd, Dødsstad ...
Thumb
Krøsus på likbålet, attisk raudfigur- amfora, no i Louvre (G 197).
Remove ads

Fallet til Lydia

Fram mot 550 f.Kr. hadde Kyros den store etablert Persarriket som ein regional maktfaktor ved å overvinna kong Astyages av Media. Under dei endra maktforholda gjekk Krøsus til angrep på byen Pteria i Kappadokia. Kyros drog mot lydarane, og eit slag ved Pteria i 447 f.Kr.[a] enda uavgjort. Krøsus trekte seg tilbake til hovudstaden sin Sardis om hausten, og rekna med at Kyros ikkje ville angripa om vinteren. Kyros følgde likevel etter og omleira Krøsus i Sardis. Byen blei storma og Krøsus blei teken til fange.[1]

Det blir fortalt at då Kyros tok Krøsus til fange og ønskte å la han lida døden, fortalde Krøsus at filosofen Solon hadde sagt til han at ein person ikkje kan kallast lykkeleg før han var død. Han hadde synst at denne påstanden var forakteleg, men no kjende han at han var sann. Dette gjorde inntrykk på Kyros, og han lét han få leva og eta ved hans bord.[2] Sanninga i denne forteljinga er uviss.

Krøsus kan ha vore den rikaste personen i verda i samtida si. Namnet hans har gått inn i språket som ei nemning for ein styrtrik person.

Remove ads

Merknadar

  1. Årstalet er basert på ei tolking av Nabonidus-krønika som nyare forsking har sett i tvil. Erobringa fann stad ein gong mellom 450 og 439 f.Kr.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads