Kappadokia

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kappadokia
Remove ads

Kappadokia (gresk Kappadokia, latin Cappadocia, tyrkisk: Kapadokya) var eit oldtidsrike og landskap i innlandet i det midtre og austlege Vesleasia (Tyrkia). Området ligg mellom svartehavskysten i nord og Taurusfjella i sør og dessutan elvane Halys i vest og Eufrat i aust.

Thumb
Kart over austlege Middelhavet og avgrensa land, med Kappadokia markert i grønt.
Thumb
Üçhisar, ein typisk fjellby i Kappadokia som i dag har fått ein moderne busetnad ved foten av fjellet.

Namnet Kappadokia kjem opphavleg frå gammalpersisk og tyder «landet med dei vene hestane». Det vart nemnt første gongen på 500-talet fvt. Tidlegare var det eit hettittisk rike rundt byen Hattusa, og vart i hellenistisk tid eit sjølvstendig rike. Frå år 17 evt. var Kappadokia ein provins i Romarriket. Kappadokia består for ein stor del av fjell, kor blant anna Argaios (i dag Erdjijas dag) og Antitaurus er dei høgaste. Urfolkesetnaden vart kalla «kvite syriar» (leukosyroi) av Herodot. Peters første brev i Bibelen er stilt til blant anna forsamlinga i Kappadokia.

Ein del av Kappadokia tilhøyrer storlandskapet Karamania. Under Persarriket var det store, utstrakte området delt i to høvdingedøme (satrapier): Kappadokia ved Pontos og dessutan det indre eller sørlege Kappadokia (òg nemnt som Stor-Kappadokia). Namnet vart etterkvart innskrenka til å gjelde den sørlege delen, og i denne utstrekkinga gjenstod Kappadokia såvel som områda til Alexander den store og Selevkidriket som tilsvarande innanfor Romerriket etter at det i mellomtida hadde eksistert som eit eige rike med eigne kongar.

Göreme nasjonalpark og formasjonane av tuffstein i Kappadokia, eit slags trollslandskap, er i dag eit populært turistmål. Den vesle byen Göreme ligg midt i dette området og har mange hotell. I det same området finst det mange hus og kyrkjer som hogd ut av fjellet. Göreme Frilandsmuseum har ei rekkje kyrkjer og dette området skriven inn på verdsarvlista for Europa.[1]

Thumb
Steinformasjonar i Kappadokia
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads