Kris Kristofferson
amerikansk countrysongar, låtskrivar og skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kristoffer Kristofferson (22. juni 1936–28. september 2024) var ein amerikansk countrysongar og filmskodespelar. Han er mellom anna kjend for songane «Me and Bobby McGee», «For the Good Times», «Sunday Mornin' Comin' Down» og «Help Me Make It Through the Night», som alle blei hittar for andre artistar. Kristofferson skreiv songar både åleine og i samarbeid med låtskrivarar frå Nashville som Shel Silverstein.[1]
I 1985 danna Kristofferson saman med countryartistane Waylon Jennings, Willie Nelson og Johnny Cash country-supergruppa The Highwaymen. Han var med i den såkalla outlaw country-rørsla som satsa på countrymusikk som blei skriven og produsert utanfor Nashville-maskineriet.
Remove ads
Liv og virke
Etter å ha utmerkt seg både sportsleg og akademisk på college i USA fekk han eit Rhodes-stipend så han kunne studera ved Merton College i Oxford. Han tok mastergrad i litteratur med hovudvekt på diktinga til William Blake.
Kristofferson oppnådde kapteinsgrad i løpet av dei fire åra han var i den amerikanske hæren, og han blei opplært til og tenestegjorde som helikopterpilot.[2] Han fullførte United States Army Ranger School.
Han braut med alt for å bli låtskrivar, noko som førte til skilsmisse og at foreldra ikkje ville vita av han. Kristofferson byrja som vaktmeoster i platestudioet der Johnny Cash heldt til. For å oppnå kontakt, landa Kris i hagen til Cash med helikopter for å selja songane sine.[2]
1970 blei det store Kristofferson-året. Éin etter éin klatra artistar til toppen av listene med songane hans. Sammi Smith med «Help Me Make It Through the Night», Janis Joplin med «Me and Bobby McGee», Johnny Cash med «Sunday Morning Coming Down» og Ray Price med «For the Good Times». Til sist gjorde han det sjølv med «Why Me Lord».
Han spelte mellom anna på Protestfestivalen i Kristiansand fleire gongar.[3]
Kristofferson var òg filmskodespelar og spelte i eit femtitals filmar. Blant dei mest kjende er som Billy the Kid i Pat Garrett & Billy the Kid (1973), A Star Is Born (1976, mot Barbra Streisand), Convoy (1978), A Soldier's Daughter Never Cries (1998), Blade-trilogien (1998–2004) og Payback (1999).
Han hadde òg ei rolle i den norske barnefilmen Yohan – Barnevandrer (2010)
I 2006 blei Krisofferson teken inn i Songwriters Hall of Fame.
Remove ads
Kjelder
Litteratur
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads