Kristian Zahrtmann
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Peder Henrik Kristian Zahrtmann, kjend som Kristian Zahrtmann, (31. mars 1843–22. juni 1917) var ein dansk målar. Han var ein del av den danske kunstnargenerasjonen seint på 1800-talet i lag med Peder Severin Krøyer og Theodor Esbern Philipsen, som braut bort frå arva etter gullalderen i dansk kunst, til fordel for naturalisme og realisme.

Han vart særleg kjend for historiske måleri, og særleg dei som synte sterke, tragiske og segnomsuste kvinner i dansk historie. Han målte òg mange verk innan andre sjangrar, som landskap, gatebilete, menneskescenar og portrett.
Han hadde stor innverknad på utviklinga av dansk kunst gjennom å støtte den individuelle stilen til studentane sine dei mange åra han var lærar og ved nyskapande bruk av fargar. Han var mellom anna lærar for mange norske kunstnarar.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Kristian Zahrtmann» frå Wikipedia på engelsk, den 13. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Dansk biografisk Leksikion
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads