Kristin Maurstad
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kristin Maurstad (fødd 30. april 1980 i Vanylven)[1] er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet.
Maurstad var ordførar i Vågsøy kommune frå 2015 fram til kommunesamanslåinga i 2020.[2] Ho vart fyrste gong vald inn i kommunestyret i 2007.[3] Frå 2011 til 2015 var ho varaordførar.[4]
Maurstad var vararepresentant til Stortinget frå Sogn og Fjordane i tre periodar frå 2009 til 2021.[1] Frå desember 2012 til april 2013 var ho konstituert som statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet.[5][6]
Maurstad har utdanning frå Høgskulen i Volda. Ho har arbeidd som lærar og som prosjektleiar, blant anna i Måløy Vekst og i Fram Flora, Flora kommune sitt selskap for næringsutvikling.[7][8] I 2013 vart ho leiar i utviklingsselskapet Innovatitt.[9] Då Vågsøy og Flora gjekk saman til Kinn kommune i 2020, fekk ho stillinga som kommunalsjef for innovasjon og utvikling.[10]
Maurstad er dotter av Jon Aasen, som har vore ordførar i Vanylven og fylkesordførar i Møre og Romsdal.[7]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads