Kristofer Hæstad
norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kristofer Kruger Hæstad (fødd 9. desember 1983) er ein norsk fotballspelar. Han spelar på midtbanen for Vålerenga frå januar 2008. I tillegg har han spela fleire kampar for det norske A-landslaget.
Hæstad spela i oppveksten for Kristiansand-klubbane Randesund og Vigør. Han melde overgang til Start i 2001. Han debuterte i Tippeligaen i 2002, då Start berre tok 11 poeng og rykte ned.
Etter to sesongar i 1. divisjon rykte sørlendingane opp att i 2004, med Hæstad som ein av dei viktigaste spelarane på laget. Hæstad har halde fram med storspelet etter opprykket til Tippeligaen, og han vart kåra til månadens spelar av NRK i april 2005. I mai det same året debuterte han på landslaget i ein privatlandskamp mot Costa Rica, og fekk strålande kritikk.
Kristofer Hæstad vann prisen som årets profil i Tippeligaen, 2005. Han vart òg kåra til årets midtbanespelar i 2005.
Remove ads
Fotnotar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads