Kristiansand
by i Agder From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kristiansand er ein by og administrasjonssenter i Kristiansand kommune i Agder med 67 372 innbyggjarar per 1. januar 2024. Byen er sete for fylkesadministrasjonen i Agder fylkeskommune.
Kristiansand er kjent som ein sommar- og ferieby. I tillegg til varmt sørlandsklima og eit triveleg bysentrum har byen fleire populære trekkplaster. Kristiansand Dyrepark, med leikeland og Kardemomme by, trekker til seg mange vitjande barnefamiliar. Den årlege Quart-festivalen gjer at også mykje ungdom kjem til byen.
I Kristiansand ligg Universitetet i Agder og på Kjevik ligg Luftforsvarets befalsskole. Byen har også ei rekke vidaregåande skolar og ein maritim skole.
I Kristiansand kjem avisa Fædrelandsvennen ut dagleg.
Remove ads
Historie
Byen vart grunnlagt av og kalla opp etter den dansk-norske kongen Christian IV i 1641. Sidan byen vart bygd på ein sandbanke, fekk han namnet Christianssand. I 1682 flytta kongen bispesetet hit frå Stavanger og kalla bispedømet for Kristiansand stift.
Den siste store bybrannen skjedde i 1892 og mange trehus brann ned. Denne delen av byen vart reist opp att i mur. Den eldste delen av byen er kalla Kvadraturen og har hatt same dei gatelinjene fram til i dag.
Busetnaden som har vakse ut over bykjernen består i hovudsak av bustadområde. Vest for sentrum er Tinnheia og Hellemyr, og i aust er områda Gimlekollen, Lund, Kongsgård, Randesund og Tveit. I sørvest er bydelane Flekkerøy, Vågsbygd og Slettheia.
Remove ads
Samferdsel
Kristiansand er eit regionalt knutepunkt for transport og kommunikasjon, med samband både innan- og utanlands. Byen er norsk ende- og startpunkt for E 18, E 39 og riksveg 9 gjennom Setesdal. Byen har jernbanesamband til Stavanger og Oslo via Sørlandsbanen. Kristiansand Havn er ei av Noregs største hamner og har hurtigbåt- og ferjesamband til Hirtshals. Kristiansand lufthamn, Kjevik ligg 16 kilometer nordaust for byen og har direkte samband med Oslo, Stavanger, Bergen, København, London, Aberdeen og Amsterdam.
Remove ads
Vennskapsbyar
I Norden |
I andre land
|
Sjå òg
Kjelder
- Silje Solvang (15. mai 2013). «Vennskapsbyer». Kristiansand kommune. Henta 14. juni 2013.
«Kristiansand» av Geir Thorsnæs / Kunnskapsforlagets papirleksikon i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
- Visit Kristiansand
- www.kristiansand.no - Kristiansandsportalen
- www.kristiansand.kommune.no - Nettsidene til Kristiansand kommune
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads