Kriváň
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kriváň er eit fjell i Høge Tatra i Slovakia, som dominerer den øvre delen av det tidlegare Liptov fylke. Fjellet er lett tilgjengeleg til fots via fleire stiar, og er eit populært turmål i den vestlege delen av Høge Tatra. Kriváň har vorte eit viktig symbol for slovakisk etnisk og nasjonal aktivisme dei siste to hundre åra. Referansar til fjellet finst i litteratur, måleri, filmdokumentarar og ein polsk rockesong. Etter ei folkeavstemming i 2005 vart fjellet vald ut som bilete på ein av dei slovakiske euromyntane.
Remove ads
Historie
Før ein starta å måle høgdene i området, vart Kriváň og Lomnický štít rekna som dei høgaste fjella i Høge Tatra, fram til 1793, då sistnemnde vart målt til det høgaste av dei to. Ingen av dei er derimot det høgaste i Høge Tatra.

Den relative høgda til dei to fjella vart avgjort av den skotske lækjaren Robert Townson, som klatra til toppen av begge to i august 1973. Kriváň vert i dag rekna for å ha ei høgd på nøyaktig 2494,7 moh.[1]
Det er funne spor etter gruvearbeid heilt tilbake til 1400-talet i fjella. Gruvearbeidet tok seg opp under gullrushet på 1500-talet. Truleg var fleire av gruvearbeidarane på toppen av fjellet, for restar etter hyttene deira finst heilt oppe på 2000 meter og sjakta Terézia ligg berre 60 meter nedanfor toppen. Gruvedrifta vart lagt ned på 1700-talet.[2]
Den skotske lækjaren Townson som klatra til toppen i 1793 skreiv at guiden hans frå Važec hadde vore på toppen fleire gonger før, og Townson såg han plukke opp myntar som tidlegare vandrarar hadde kasta frå seg der for å gje dei hell og lykke.[3] Den første stiginga av fjellet ein kjenner til var den lutherske pastoren Andreas Jonas Czirbes frå Spišská Nová Ves den 4. august 1773.[4]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads