Krossprosesjon

From Wikipedia, the free encyclopedia

Krossprosesjon
Remove ads

Krossprosesjon er ei kristen handling der ein kross blir boren fremst i eit høgtideleg opptog. Dette kan gjerast som start på ei gudsteneste eller som ein del av han, og kan finna stad inni ei kyrkje eller utandørs. Ofte blir det brukt særskilde prosesjonskrossar som er lette å bera og vil vera synlege for folkemengda, i krossprosesjonar.

Thumb
Krossprosesjon i Novosibirsk.

Katolske krossprosesjonar

Thumb
St Patrick-prosesjon i Downpatrick på Irland.

I den katolske kyrkja byrjar ein messer ved ein prosesjon leia av ein krossberar med ein kross. Det finst også rituale for krossprosesjonar utandørs, som relikvieprosesjonar, helgenprosesjonar og prosesjonar mot tørke, uvêr og ulukker.

Ortodokse krossprosesjonar

Thumb
'Påskeprosesjon i Kursk-provinsen' (1880-1883) av Ilja Repin.

Lengre krossprosesjonar er særleg utbreidde i den ortodokse kyrkja. Dei føregår ved at ein kyrkjelyd følgjer ein kross og andre symbol, som lykter og ikon, borne av geistlege. Prosesjonane kan gå frå ei kyrkje til ein særskild stad, eller rundt ei kyrkje tre gonger. Krossprosesjonar finn stad ved kyrkjehøgtider, som den stille veka og helgenfestdagar, og gravferder.

Krossprosesjonar (russisk Крестный ход, Krestnyj khod) er eit viktig motiv i russisk kunst, og er mellom anna kjend frå eit måleri av Ilja Repin.[1]

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads