Krykkje

fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia

Krykkje
Remove ads

Krykkje (Rissa tridactyla) er ein fugl i måsefamilien. Krykkje vert ogso kalla for tretåmåse. Arten er kategorisert som globalt sårbar og sterkt truga i Noreg.

Kjappe fakta
Remove ads

Kjenneteikn

Dei vaksne fuglane har grå overside, medan resten av kroppen er kvit. Beina er svarte, med symjeføter, men vantar baktå. Dei har svarte vengespissar. Kjønna er like. Ungfugl har ei gråspragla fjørdrakt, men dei karakteristiske svarte vengespissane er der. Krykkja er om lag jamstor med fiskemåsen, 350 gram og 40 cm lang.

Utbreiing

Krykkja finst frå Rogaland og nord til grensa mot Russland. Ho er knytt til sjøen og er eit sjeldan syn i innlandet.[2]

Åtferd

Fuglen hekkar i koloniar i bratte fjellveggar (fuglefjell), ofte saman med alker og anna sjøfugl. Utanfor hekketida held krykkja seg berre til havs, der ho livnærer seg på små marine dyr og fisk.

Sidan år 2010 har krykkje vore ført opp i kategorien sterkt truga (EN) på norsk raudliste for artar.[1]

Remove ads

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads