Kublai khan

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kublai khan
Remove ads

Kublai khan (23. september 121518. februar 1294) var den femte storkhanen av Det mongolske riket og grunnleggjaren av det mongolske Yuan-dynastiet i Kina. Han vart fødd omkring 1215, og døydde i 1294.

Kjappe fakta Regjeringstid, Kroning ...

Kublai var den fjerde sonen til Tolui (den andre sonen hans med Sorghaghtani Beki), og soneson av erobraren Djengis Khan.

På 1250-talet var Kubla statthaldar i det nordlege Kina for den eldre broren sin Møngke. Etter at Møngke khan døydde i 1259 blei Kublai utropt til storkhan etter han, men måtte først overvinna den yngre broren sin Ariq Böke, som også hadde blitt utropt til khan. Kublai sigra over Ariq Böke, som underkasta seg han, i 1264. Dette markerte likevel byrjinga på splid over makta i riket.[1]

Det mongolske riket strekte seg frå Stillehavet til Svartehavet, og frå Sibir til dagens Afghanistan,[2] men i røynda herska Kublai over Kina og Mongolia. Som khagan hadde han påverknad over Ilkhanatet og i mykje mindre grad Den gylne horden i vest.[3][4][5]

I 1271 skipa han formelt Yuan-dynastiet (Da Yuan, 'mektig opphav') og utropte hovdstaden sin som Dadu ('mektig hovudstad') eller Khanbalik, seinare kjend som Beijing. Kublai sameinte eit Kina som hadde vore delt sidan Tang-dynastiet fall i 907.[1]

Det kinesiske riket vart erobra frå sør og Kublai styrta der dynastiet Song; men forsøket hans på å gjera seg til herre over Japan frå Korea (dei mongolske invasjonane av Japan), og angrepet hans på Java mislukkast. Han førte òg krig i Burma og Vietnam og underla seg Tibet. I Kina heldt han eit strålande hoff, som Marco Polo gjesta 1275-1292, og han var opptatt av såvel handel, næringar og samferdsle som lærdom. Kublai bad i byrjinga av regjeringstida si paven om å sende europeiske misjonærar, men gjekk sidan over til buddhismen.

Remove ads

I kulturen

Den engelske romantiske poeten Samuel Taylor Coleridge brukar Kubai Khan sitt Xanadu som utgangspunkt for eitt av dei mest kjende dikta sine, «Kubla Khan».

Merknadar

  1. Datoane er her gjevne etter den julianske kalenderen.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads