Kungälvs kommun
kommune i Västra Götaland len i Sverige From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kungälv er den sørlegaste byen i Bohuslän, grunnlagd tidleg på 1000-talet ved Nordre älv. Kungälv er ein kommune i Västra Götalands län.
Remove ads
Geografi
Kommunen grensar til Stenungsund, Lilla Edet, Ale, Göteborg, Öckerö og Tjörn. Han har Göta älv i aust, Nordre älv i sør og Kattegat i vest, medan han blir kryssa av transportvegane Europaveg 6 og Bohusbanen.
Historie

Byen blei grunnlagd om lag 1080, og var ein av dei viktigaste byane i Noreg i mellomalderen, med namnet Konghelle. Sigurd Jorsalfar gjorde han til hovudstad då han kom heim frå utlandet i 1111, og Kungälv var sete for kongane fram til slutten av 1150-åta.
I 1135 blei byen overfallen og brend av venderane. Han blei bygd opp igjen og blei ståande heilt fram til svenskane brende byen i 1612. Som svar på dei stadige svenske herjingane tok kong Kristian IV avgjerda om å flytta byen nærare Bohus festning.
Kungälv voks som industriby ved slutten av 1800-talet. Eit glasverk blei grunnlagd i 1975 og ein kjeksfabrikk i 1888. Frå 1909 til 1982 laga ABC-fabrikkane, AB Bröderna Claesson, sportsutstyr i kommunen.
Remove ads
Industri
Næringslivet i Kungälv er i dag prega av mange små føretak som ofte er viktige underleverandørar til større verksemder i regionen. I 2003 la Swedish Match ein ny snusfabrikk til det nye industriområdet Solbräcke.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Kungälv» frå Wikipedia på svensk, og «Kungälv» frå Wikipedia på bokmål den 23. april 2006.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff

Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads