Snus

damppasteurisert tobakksprodukt i pulverform From Wikipedia, the free encyclopedia

Snus
Remove ads

Snus er ei form for tobakk som ikkje vert røykt, men lagd inn i munnen, ofte under leppene, slik at verkestoffa kan absorberast gjennom slimhinnene.

Thumb
Snuseske.

Snusen kom til Noreg1600-talet. Snusen var då tørr finmalen tobakk som vart inhalert gjennom nasen, likt det ein i dag kalla snuff eller nasesnus. I byrjinga var det ofte storkarar som nytta snus, medan arbeidsfolk togg skrå. Snusinga førte ofte til at ein laut nysa, så om ein naus mykje var det von om å verta teken for «storkar» [treng kjelde].

I dag er snusen samansett av finmalen tobakk som har vorte dynka i ei koksaltløysing, gjennomgått ein gjæringsprosess og tilsett ulike aroma, smak- og fargestoff. Snus er, til skilnad frå sigarettar, tillata å nyta innandørs på norske serveringsstader. Dei siste åra har talet på snusbrukarar auka i Noreg, noko som truleg har samanheng med endringane i røykelova.

Det er påvist at det er ein samanheng mellom bruk av snus og kreft. Særleg er risikoen stor for kreft i martøyret og i bukspyttkjertelen.[1]

Snus er ulovleg å selje i mesteparten av EU-området, utanom Sverige.[2]

Remove ads

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads