Kunstig hjarte
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kunstig hjarte er ei innretning som kan erstatta eit menneskehjarte. Slike hjarte blir typisk brukte medan ein ventar på ein hjartetransplantsjon, eller som ei permanent erstatting for eit hjarte når ein hjartetransplantasjon ikkje er aktuelt.[1] Ein har gjort forsøk på å laga kunstige hjarteinnretningar sidan 1940-talet, men det første kunstige hjartet som blei sett inn i ein pasient med hell var typen Jarvik-7 frå 1982 som blei utforma av ei gruppe som omfatta Willem Johan Kolff og Robert Jarvik.

Remove ads
Historie
Fram til 2015 hadde hjarta til 1 400 pasientar blitt bytte ut med SynCardia sitt «Total Artificial Heart (TAH)» ved kring 100 stader i Nord-Amerika, Vest-Europa, Russland, Tyrkia, Israel og Australia.[2] Denne typen kunstig hjarte blir drive av trykkluft[3] som blir ført inn i kroppen via ein slange.
Fram til andre kvartal 2020 hadde hjarta til 13 pasientar blitt bytte ut med Carmat TAH tre stader (Tsjekkia, Kasakhstan og Danmark).[4] Denne typen kunstig hjarte blir drive av elektrisitet som blir ført inn i kroppen via to elektriske ledninger.
Remove ads
Referensar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads