Kurdistan i Irak
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Irakisk Kurdistan, offisielt kalla Regionen Kurdistan (sorani ههرێمی کوردستان, arabisk إقليم كردستان|) i den irakiske grunnlova,[2][3] er ein protostat[4] nord i Irak og den einaste autonome regionen i landet.[5] Regionen vert ofte kalla Sør-Kurdistan (sorani باشووری کوردستان; nordkurdisk Başûrê Kurdistanê) som kurdarar generelt rekna som ein av fire delar av Stor-Kurdistan, som òg omfattar område søraust i Tyrkia (Nord-Kurdistan), nordlege Syria (Rojava eller Vest-Kurdistan) og nordvestlege Iran (Aust-Kurdistan).[6]
Regionen vert styrt av Kurdistan regionale styresmakt (KRG) med hovudstad i Erbil. Kurdistan er eit parlamentarisk demokrati med sitt eige parlament som består av 111 sete.[7] Masoud Barzani, som først vart vald til president i 2005, vart vald på ny i 2009. I august 2013 forlenga parlamentet presidentperioden hans med to nye år. Han gjekk av som president 19. august 2015, då dei politiske partia ikkje vart samde om å forlenge perioden ytterlegare.
Den nye irakiske grunnlova definerer Regionen Kurdistan som ei føderal eining i Irak og definerer kurdisk og arabisk som offisielle språk i Irak. Dei fire guvernementa Duhok, Hawler, Silemani og Halabja dannar eit areal på kring 41 710 km² og har eit folketal på kring tre millionar (estimat frå 2016).[8] Under Irak-krisa i 2014, tok Irakisk Kurdistan òg over mykje av omstridde område i Nord-Irak.
Skipinga av Regionen Kurdistan går attende til ein avtale om sjølvstyre mellom kurdarar og den irakiske regjeringa i mars 1970 etter mange år harde kampar. Men ein klarte ikkje å setje avtalen i verk og i 1974 hamna Nord-Irak ut i den andre irakisk-kurdiske krigen, ein annan del av den irakisk-kurdiske konflikten mellom kurdarar og den arabisk-dominerte regjeringa i Irak. Vidare under den iransk-irakiske krigen frå 1980 til 1988, herja den irakiske hæren med innbyggjarane og naturen i Irakisk Kurdistan under Anfal-felttoget. Etter opprøra i 1991 til kurdarar i nord og sjiaer i sør mot Saddam Hussein, klarte den militære styrken til Irakisk Kurdistan, Peshmerga, å presse ut den største irakiske styrken frå nord.
Trass i store tap og krisar for kurdiske flyktningar i grenseområda til Iran og Tyrkia, har suksessen til Peshmerga og flyforbodssonen som Vesten oppretta over Nord-Irak etter Golfkrigen i 1991 skapt eit grunnlag for kurdisk sjølvstyre og flyktningar har kunne vende heim att. Då kurdarane heldt fram å sloss mot statlege troppar, forlet dei irakiske styrkane til slutt Kurdistan i oktober 1991 og regionen vart i røynda sjølvstyrt. I 1992 grunnla dei store politiske partia i regionen, Kurdistan demokratiske parti og Patriotunionen i Kurdistan den delvis sjølvstyre Kurdistan regionale styresmakt. invasjonen av Irak i 2003 og dei påfølgjande politiske endingane førte til ratifiseringa av den nye irakiske grunnlova i 2005.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads