Kurt Aust

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kurt Aust
Remove ads

Kurt Aust (psvd. for Kurt Østergaard) (fødd 6. desember 1955 i Ikast i Danmark) er ein dansk forfattar og frilansskribent. Han er utdanna pedagog, og har vore busett i Noreg frå 1982 og skriv på norsk.[1] Aust debuterte som forfattar i 1999.

Kjappe fakta

Aust skriv historisk krim frå Danmark-Noreg kring byrjinga av 1700-talet. Hovudpersonar er professor Thomas af Boueberge ved Københavns Universitet og hans dr. Watson, den mindre geniale nordmannen Petter Hortten. Romanane har fleire handlingar. Det eine er kriminalsaka som dei skal løyse. Det andre er Petter Horten sin bakgrunn, som ikkje vert avslørt før enn langt ut i serien. Det er også andre hendingar, som går over fleire bøker. Eit anna grep som Kurt Aust bruker, er at Petter Hortten skriv ned desse fortellingane fleire tiår etter at hendingane skjedde. Han fortel til folk, på sine gamle dagar, om opplevingane i frå ungdomen då han var i teneste med professoren. Vredens dag har gått som høyrespel i Radioteateret med Nils Ole Oftebro som Thomas af Boueberge.

Remove ads

Verkliste

  • Slaveskipet Fredensborg teikneserie (1997) (Saman med Kin Wessel og Leif Salvesen)
  • Vredens dag kriminalroman (1999)
  • Den tredje sannhet kriminalroman (2001)
  • Hjemsøkt. Nest etter Gud kriminalroman (2003)
  • Kongefrykt kriminalroman (2004)
  • De usynlige brødre kriminalroman (2006)
  • Kasper & Måns. Den store kaosdagen barnebok (2006) (saman med Kin Wessel)
  • De usynlige brødre kriminalroman (2006)
  • Løvøyspillet historisk spel (2006)
  • Kaos og Øyeblikkets renhet roman (2008)
  • Hevnens alkymi kriminalroman (2009)
  • Symboler & demoner : en guide til Dan Browns Det tapte symbol : fakta og fascinerende funn (2009)
  • Når døde hvisker kriminalroman (2011)
  • Stumme skrik kriminalroman (2013)
  • Dødt løp kriminalroman (2015)
  • Skipet med det onde øye kriminalroman (2017)
  • Quiz og grøss Sakprosa, quizbok saman med Tom Egeland (2018)
  • Udyr thriller, samen med Kin Wessel (2018)
  • Hjertets mørke kriminalroman (2020)
Remove ads

Prisar

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads