Kurt Hensel
tysk matematikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kurt Hensel (29. desember 1861–1. juni 1941) var ein tysk matematikar.
Han vart professor i Berlin i 1891 og så i Marburg frå 1902 til 1930. Han var særleg interessert i algebraiske og talteoretiske problem og gav ei ny grunngjeving for teorien for algebraiske tal ved hjelp av dei såkalla p-adiske tala. Han gav ut bøker om algebraiske tal, algebraiske funksjonar og talteori. Han gav òg ut dei samla verka til Leopold Kronecker. I fleire år var han redaktør for Journal für Mathematik og ved Abel-minnefesten i 1929 vart han æresdoktor ved Universitetet i Oslo.
Remove ads
Kjelder
- Kurt Hensel. (2012-01-09) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Kurt_Hensel
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads