Kusymre
art i nøkleblomslekta From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kusymre (Primula vulgaris) er ein plante i nøkleblomfamilien. Slektsnamnet Primula tyder «den fyrste om våren», og viser til at dette er ein vårblomstrande plante. Han har einskildståande gulkvite blomar.
Planten er vanleg i kyststrøk frå Aust-Agder til Sør-Trøndelag. Han veks i fuktig skyggefull skog og gressbakkar, og trivst òg i maritimt miljø nær sjøen.
Remove ads
Medisin
Kusymre er ikkje giftig, både blomar og blad kan etast, og skal ha ein blodreinsande effekt. Planten har vore nytta som medisinsk urteplante som slimløysande, krampeløysande, svakt smertestillande og roande middel.
Kultur
Kusymre er kommuneblome for Bokn kommune[1] og var fylkesblome for Hordaland fylke.[2]
Lokalt på Vestlandet blir plantn kalla «kublom». Han har og andre lokale namn som «kusømra», «gulveis» og «liblom». Namnet kusymre kan kome av at han blomar på den tida då kyrne kunne sleppast på beite.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads